Aktuelle nyheter fra TV 2

Biden og Xi prata i over to timar

Publisert: Thu, 28 Jul 2022 15:49:49 GMT
Publisert av:

Joe Biden og Xi Jinping.
Foto:Eraldo Peres Alex Brandon/AP

Presidentane Joe Biden og Xi Jinping snakka saman i over to timar torsdag.

Telefonsamtalen varte nøyaktig i to timar og 17 minutt, opplyser Det kvite hus, ifølgje Reuters.

I forkant var dei venta å diskutere Taiwan, økonomi, handel og krigen i Ukraina.

Forholdet mellom USA og Kina er svært anstrengde, og det har ikkje vore noko fysisk møte mellom dei to presidentane etter at Biden vart innsett som president. Dei har til saman hatt fem samtalar. (NPK)

Les hele saken på nrk.no