Aktuelle nyheter fra TV 2

Vil ha åtte års fengsel for Shakira

Publisert: Fri, 29 Jul 2022 08:36:36 GMT
Publisert av:

Shakira.
Foto:LOIC VENANCE/AFP

Shakira bør få åtte år i fengsel for skattesvindel, meiner påtalemyndigheita i Barcelona. Det skriv AFP. Den colombianske artisten er tiltalt for skattesvindel for over 140 millionar kroner på inntekt tent mellom 2012 og 2014.

Shakira skal ha takka nei til eit forlik om det påståtte skattefusket, og vil heller ta saka til retten.

Representantar for Shakira har sagt at ho ikkje budde i Spania før i 2015, og derfor har oppfylt alle sine skatteforpliktingar. Dei seier også at Shakira stoler på sin uskyld, og vel å overlate saka til lova.

Påtalemyndigheita meiner ho flytta til Spania i 2011, men skatta til Bahamas fram til 2015.

Les hele saken på nrk.no